Kjære medlemer i Postpensjonistane på Sunnmøre
På Årsmøtet vårt 05.03.24 var eg valt til ny leiar i laget.
For dei som ikkje kjenner meg, så er eg født i Volda på slutten av 40 talet.
Eg starta min første jobb i Posten i Oslo i 1966. Først som dagarbeidar (postbod), seinare som pakkmeister/overpostpakkmeister i særklasse (litt av ein tittel). Eg var i Oslo i 6 år, før eg fekk stilling som landpostbod i Straumgjerde med rute i Velledalen. Seinare blei eg poststyrar i Straumgjerde til postkontoret var lagt ned. Då vart eg overtalig, men fekk nokre vikariat i administrasjonen i Korsegata. Var nokre år tillitsvalt som leiar i DNP på Sunnmøre. Posten omorganiserte og distribusjon vart skilt ut frå postkontor. Då fekk eg stilling som Distribusjonsleiar for indre Sunnmøre, med ansvar for kommunane Nordal, Stordal, Stranda og Sykkylven. Var også nokre år Distribusjonsleiar i Ulsteinvik med ansvar for «heile søre luten». Etter eit hjarteinfarkt i 2009, søkte eg meg ned i 60 % stilling som postbod. Den stillinga heldt eg fram med til 2018, då eg pensjonerte meg, etter 52 år i posten.
På fritida har eg vore engasjert i politikk. Det blei 20 år i kommunestyret i Sykkylven for AP. Eg har vore fotballdommar i 30 år og leiar i både idrettslag, musikklag og andre frivillige organisasjonar.
No er eg leiar i Eldrerådet i Sykkylven, Leiar i LHL Sykkylven, Leiar i Sykkylven AP, styremedlem i Sykkylven Mållag og styremedlem Ålesund Golf klubb.
Siste åra har golfen teke mykje av fritida og alle feriar går til destinasjonar med golfbaner. Det har ført min kjære (som også er beten av golfbasillen) og meg til mange interessante reisemål i Asia, Afrika, Amerika og Europa.
Som nyvald leiar i Postpensjonistane på Sunnmøre vil eg, i samarbeid med resten av styret, vidareføre det gode arbeidet som er gjort av tidlegare styrer i laget. Og vonar medlemane engasjerer seg og gir oss i styret tilbakemeldingar på saker og tema vi bør fokusere på i det komande året. Du finn mykje nyttig informasjon på vår heimeside.
Helsing
Ståle Eikrem