DENNE GANGEN GIKK TUREN TIL NESAKSLA PÅ ÅNDALSNES MED ROMSDALSGONDOLEN
Den 7.juni 2022 hadde 34 postpensjonister med venner en fantastisk medlemstur i strålende solskinn fra skyfri himmel, og i nesten helt vindstille vær.
Redaktøren har fått to av turdeltakerne til å gi sin egenopplevelse av denne turen.
Turopplevelsen er skrevet av ekteparet Edel og Idar Rusten:
Tredje pinsedag var dagen styret i Postpensjonistene på Sunnmøre hadde lagt opp til ein spennande tur. Dei hadde i spenning fulgt med på forholda på Trollstigen, som var eit av måla. Det viste seg at dei måtte gå for plan B då det ikkje var farbart over Trollstigen. Når det var sagt gjekk turen etter programmet.
Ein fin turbuss med ein solid og stødig sjåfør starta med å plukke opp turdeltakarar frå Ålesund sentrum, vidare til Moa og sist på Digernesskiftet. Då kunne nestformannen i laget, Ståle Eikrem, ynskje alle vel ombord. Dessverre var det av ulike grunnar nokre som måtte melde avbod.
Ståle ønsker velkomne til tur
Det var mange som var spente på det som var dagens høgdepunkt. Det var turen med gondolbana frå Åndalsnes sentrum opp til Eggen på 708 m.o.h.
Nedre gondolstasjon | Dit opp skulle vi |
Klar for påstigning | Turen opp har starta |
Vi er på veg | Her steig vi av |
Det fantastiske veiret som styret hadde trylla fram til denne turen, roa ned nervane. Eg trur at også dei mest spente, naut turen både opp og ned. I det nydelege veiret kunne vi verkeleg nyte det fantastiske panoramaet. Vindstilt, skyfri himmel og fin temperatur. Det går ikkje ann å ha meir flaks med veiret enn vi hadde denne dagen.
Nå er vi oppe | Uteliv før middagen |
Nokre tok lokale turer | Nydelig utsikt |
Nydeleg middag på restauranten før nedtur.
Restaurantsjefen orienterer før middagen
Vi hadde ein sving fram gjennom Romsdalen for å sjå på den spektakulære naturen. Vi stoppa under Trollveggen på eine sida og Romsdalshorn på den andre. Mektig natur, og her driv folk og utfordar skjebnen med både klatring og hopping.
Bussen ved Trollveggen | Kjekt å treffes |
No vende vi nasa sørover igjen med neste stopp på MaRitz på Vestnes. No var det slutt på nervane og vitsane og historiene sat laust. Artig. Etter nydelig eplekake, kaffi og softis gjekk turen via Tomrefjord, Fiksdal, Rekdal, Vestrefjorden, Vatneeidet til Digernesskiftet. Der takka dei første av. Neste stopp var Moa der dei fleste takka for laget. Resten blei med til Ålesund. Alle skrytte og let vel av turen og opplegget. Eg freistast til å skrive slik vi gjorde det på skulen når vi skreiv stil.
«Alle var samde om at det var ein gild tur».
Det var kjempekoseleg å vere med på tur ilag med «gamle» postfolk.
Eg vil takke arrangørane for ein fin tur, og vil gler oss til den neste.
Redaktøren takker Edel og Idar for flott turbeskrivelse.
Så håper styret at enda flere medlemmer vil delta på vår neste tur.