Julestemning på Stord hotel
Det vart svært trivelig når postfolket møttest til julelunch på Stord hotel 30.november i år. Kjekt å møtast igjen. Me gjekk til fint dekka bord og kunne nyte framifrå god julemat. Prat og god latter gav god stemning til bordsetet. Stig Bohne var gjest og fekk fram reislysta. Me fekk informasjon om ny tur til Sørlandet og Sverige når det blir varmare i veret. Det kjem meir informasjon etter kvart. Utlodninga gjekk med liv og lyst. Gevinstbordet bugna av godsaker. Glade vinnarar kunne juble over gevistar som kunne både etast og drikkast. Det skal vera tid til god prat når postfolk møtest, det er så mykje å minnast og fint å sjå kvarander igjen.Takk til alle som på ymse vis gav oss ei fin førjulsstund.