Koseleg tur til Hardanger 16 - 18 august 2022
Takka vera lederen for postpensjonistane i Sogn og Fjordane,Jermund Fimreite, som heiv seg rundt og skaffa minibuss og var sjåfør, blei det tur. Me var 17 stk. og reiste via Førde, der me plukka opp 13 stk . og ei dame i Vadheim.
Turen gjekk via Lavik – Oppedal ,med stopp og ståandes bufe i Hillesvåg , i regnvær. Pausen nytta me til garnkjøp ( til glede for nokon ), og til å kikka på fabrikken og museumet.
Onsdag 17 aug. gjekk heile dagen til båttur,og opphald på Lofthus. Vi hadde sidersmaking på Alvavoll eple og sidergard, lunsj og deretter vandring til Ullensvang gamle kyrkje og til kaffi på Ullensvang Hotel. Sol og fint det meste av dagen, og alle fornøygd med dagen og litt trøytte ved middagsbordet om kvelden.
Torsdag 18. aug. gjekk vi til Fartøyvernsenteret, 10 minutt frå Sandven Hotel, der vi budde. Det var stor interesse for gamle båtar, og verneværdige båtar. Vi blei guida rundt av ei kunnskapsrik dame, og mang ein mann blei som guttunge att. Etter ein fin film om «då sjøen var vegen «, fekk me lunsj.
Deretter bar det heimatt, inn Hardangerfjorden og til Voss, oppom Fenne med Helga, og so matstopp i Gudvangen.
Jermund fekk alle til Førde att.
Tusen takk til alle som deltok.
Ref. Anna Lunestad.